huin102

 

Deskriptiv koding

Page history last edited by Anonymous 3 yrs ago

Kva er deskriptiv koding?

 

Denne type koding er ein av fleire ulike formater av tekstkoding

 

Som det ligger i ordet er deskriptiv koding koding som bekriver. Meir spesifikt beskriver deskiptiv koding t.d. kva klasse eller teksttype ein streng med tekst hører til.

 

Døme på formater som støtter deskriptiv koding er TEI-Lite, XHTML og Doc_Book.

 

Døme på korleis deskriptiv koding ser ut er som følger:

 

< para > blablabla < sitat >"To be or not to be" < /sitat > blabla < /para >

 

 

Andre former for tekstkoding presentasjonell og prosedural koding. Her er eit liteoversikt på desse to former:

 

 

Presentasjonell koding:

 

Presentasjonell koding tar for seg dei ”lågare nivåa” av punktmarkeringar, som til dømes mellomrom for å avslutte eit ord før eit nytt ord byrjar eller bruk av bindestrek, noko som høyrer inn under setningsteiknkoding (”Punctuational markup) (Coombs et al., 1987). I tillegg tar slik koding for seg dei ”høgare nivåa” for å framheve presentasjonen av teksten. ”Høgare nivå” innebærer vannrett og loddrett tomrom (bruk av fleire, blanke/tomme mellomrom), sideskift (page break), og talsetjing (bruk av tal framfor og/eller bakom ord, eller på bunnteksten, for å angi til dømes posisjon i eit dokument).

 

 

Prosedural koding:

 

Prosedural koding tar i bruk kommandoar som indikerer korleis teksten burde formaterast eller stillast opp. Ein definisjon av prosedural koding er:

 

procedural markup indicates what

a particular text formatter should do…

(Coombs et al. 1987, 4)

 

Ved bruk av kommandoar, eller ulike teikn, vert det definert korleis instansar av til dømes linjeskift, innrykk og andre presentasjonelle eigenskapar skal setjast inn i ein tekst. Eit døme på slik koding er som følgjer:

 

most clearly later in the tract

.sk 3 a;.in +10 -10;.ls 0;.cp2

I cannot praise a fugitive and cloistered virtue,

sk 3 a;.in -10 +10;.cp 2;.ls 1

Similarly, Wordsworth… (Coombs et al. 1987, 4)

 

Her er det ” .sk 3 a;.in +10 -10;.ls 0;.cp2” og ” sk 3 a;.in -10 +10;.cp 2;.ls 1” som er viktig å ta utgangspunkt i. Initialiseringa av desse to kommandoane utfører 4 steg; tre linjeskift, 10 mellomrom (eit innrykk), enkel linjeavstand, og byrjar neste tekstlinje på ei ny side dersom to eller færre linjer er igjen på gjeldande side.

 

Ein siste sak som er verdt å nemne er system som tar i bruk desse former for koding. Vanleg innanfor deskriptiv koding er bruken av SGLM/XML baserte systemt som til dømes DocBook, (X)HTML, og TEI (Lite). Innanfor presentasjonell koding er det brukt blandt anna PDF factory, Wordpad, Notisblokk, og MSWord. (Procedural koding er eg i tvil på kva system som bruker denne formen for koding.)

Comments (0)

You don't have permission to comment on this page.